0 of 0 for ""

 

Varsel om oppstart av planarbeid for Holldalen massetak, Vinje kommune

På vegne av Per Kåre Kvålen varslar Sweco Norge AS oppstart av arbeid med detalj­reguleringsplan med konsekvens­utgreiing for Holldalen massetak.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for eit årleg uttak av 20 000 tonn masse (gneis) i eit område sør for Kjelaåi vest for Haukeli. Tiltaket er i samsvar med kommundelplan for Edland/Haukeli, der området er sett av til råstoffutvinning. Reguleringsplanen skal sette av areal til uttak av masse, tilkomstveg over Kjelaåi, teknisk infrastruktur og eventuelle tiltak for å sikre naturfare og miljøkvalitetar.

Konsekvensutgreiinga skal utgreie støy, vassmiljø, drikkevatn og flaum og skred.

Alle kan koma med innspel innan 9. november 2021

Send innspelet på e-post til signe.vinje@sweco.no eller i posten til Sweco Norge AS, Vekanvegen 10, 3840 Seljord. Spørsmål kan rettast til Signe Vinje, telefon 99294770.

Planarbeidet er òg varsla på kommunens heimesider www.vinje.kommune.no og på www.sweco.no/nyheter. Her ligg varslingsbrevet og vurdering om konsekvensutgreiing.

Dette varselet er heimla i plan- og bygningslova §12-8.

Vedlegg: