0 of 0 for ""

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for Nordbøåsen B6,
Midt-Telemark kommune.

Med dette brevet varslar Sweco at Nordbøåsen Utbyggingsselskap AS startar opp med å utarbeide ein detaljreguleringsplan for Nordbøåsen B6 i Midt-Telemark kommune. Reguleringsplanen omfattar gnr./bnr. 40/30 og 54/86 m. fl.

Detaljreguleringsplanen skal leggje til rette for vidare utbygging av Nordbøåsen bustadområde, med om lag 25 nye tomter og tilhøyrande infrastruktur.

Samstundes varslar ein oppstart av forhandlingar kring utbyggingsavtale.

Ein vurderer at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing, etter Forskrift om konsekvensutredninger kap. 3.

Avgrensinga av planområdet

Området ein skal regulere er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel for Midt-Telemark kommune 2021-2033, der området er sett av til bustader. Området er også i samsvar med områderegulering for Nordbøåsen, der området har nemning B6. Planområdet er vist i vedlagt kart, og omfattar areal utanfor teig B6 som ein vil vurdere til infrastrukturtiltak.

Kom gjerne med innspel

Har du meiningar eller tankar om reguleringsplanen så vil me gjerne vite om dei.
Frist for innspel er 03.oktober 2023.

Send innspelet ditt på e-post til:  alexander.stettin@sweco.no

Eller per post til:

Sweco Norge AS, ved Alexander Stettin
Vekanvegen 10
3840 Seljord

Kopi kan ein sende til post@mt.kommune.no (merk e-posten med saksnummer 23/10763)
Postadresse: Postboks 83, 3833 Bø (merk brev med saksnummer 23/10763)

Dersom du har spørsmål om planarbeidet kan du kontakte prosjektleiar Alexander Stettin på e-posten ovanfor eller på telefon 416 90 212.

Dette oppstartsvarselet er sendt ut i samsvar med Lov om planlegging og byggesaksbehandling (Plan- og bygningslova) §12-8.

Venleg helsing

Sweco Norge AS, ved Alexander Stettin

Senior rådgjevar plan og landskap

Vedlegg: 

Varslingsbrev

Lokalisering av planområdet

Plangrense

Referat frå oppstartsmøte