Varsel om oppstart av planarbeid for Vrådal massetak
Med dette brevet blir det varsla at Vest-Telemark Pukkverk AS startar opp med å utarbeide ein detaljreguleringsplan for Vrådal massetak.
Reguleringsplanen skal leggje til rette for eit totalt uttak på 1 million m3 fast fjell gjennom levetida til steinbrotet. Varigheita til uttaket vil vere minimum 50 år. Planen skal også sikre tilkomstveg til planområdet, i tillegg til å sikre areal til anna infrastruktur og naudsynte tiltak. Det er tenkt uttak som dagbrot. Tiltaket er konsesjonspliktig etter Lov om erverv og utvinning av mineralressurser (Mineralloven).
Avgrensing av planområdet
Planområdet er vist i vedlagd kart. Ein må i planprosessen undersøkje kva areal innanfor planområdet som er best eigna til sjølve uttaket, og ein har difor sett av eit mykje større område enn det massetaket vil krevje. Plangrensa vil truleg bli snevra inn i høve til varsla avgrensing. Tiltaket som skal regulerast er ikkje i samsvar med kommuneplan for Kviteseid 2019-2030, då området er sett av som LNFR-område.
Vurdering av krav om konsekvensutgreiing (KU)
Det er vurdert at tiltaket vil utløyse krav om konsekvensutgreiing for følgjande tema:
- Friluftsliv
- Naturmangfald
Andre relevante tema vil bli omtala og vurdert i planomtalen.
Kom gjerne med innspel
Har du meiningar eller tankar om reguleringsplanen så vil me gjerne vite om dei.
Frist for innspel er 31. juli 2025
Send innspelet ditt på e-post til: alexander.stettin@sweco.no
Eller per post til: Sweco Norge AS, ved Alexander Stettin, Vekanvegen 10, 3840 Seljord
Dersom du har spørsmål om planarbeidet kan du kontakte Alexander Stettin på e-posten ovanfor eller på telefon 416 90 212.
Dette oppstartsvarselet er sendt ut i samsvar med Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) §12-8.
Vedlegg