MELDING OM IGANGSETTING AV REGULERINGSARBEID
Sweco Norge AS, på vegne av Wergeland Eigedom AS, gjer i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 melding om at følgjande reguleringsarbeid blir satt i gang:
Reguleringsendring for: Detaljregulering Gulen industrihamn, Gbnr. 63/15 Plan-id: 2013003
Hensikta med reguleringsendringa er å endre på høgde på ei vindmølle/vindturbin i gjeldande plan. I gjeldande plan er det lagt til rette for oppføring av vindmøller med høgde opp til 150 meter.
Wergeland Gruppa AS/NVE har starta ein prosess for eit demonstrasjonsanlegg for ein havvindturbin i samband med sertifisering av turbinar, med plan om at turbinen skal overtakast av Wergeland Gruppa etter testperioden. Turbinen (vindmølla) er regulert i gjeldande plan for Gulen industrihamn, men er planlagt høgare enn det som er omtalt i planen. Til dette arbeidet er det i gang ein konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing. Det er sendt ut melding om dette arbeidet, og den 26.06.23 vart det halde eit folkemøte knytt til dette.
Vindturbinen (GE Haliade-X) er ein havvindturbin og er planlagt med ein installert effekt på 17- 18 MW. Nav-/tårnhøgde vil være 150 – 160 m, mens rotordiameter vil være 250 m. Årlig produksjon er foreløpig estimert til ca. 60 – 63 GWh, tilsvarande forbruket til ca. 3750 – 4000 husstandar.
Wergelandgruppa opererer innanfor ni ulike forretningsområde, og havvind er eit viktig satsingsområde. Wergeland har store areal tilgjengeleg for mellom anna produksjon av fundament, mellomlagring og samanstilling av turbinar, etc., og var base i forbindelse med utbygginga av Hywind Tampen. Gulen industrihamn er svært sentralt lokalisert i høve til den planlagde utbygginga av havvind i Nordsjøen.
Planområdet ligg vest for Halsvika på nordsida av Fensfjorden, og omfattar Gulen industrihamn som er eit opparbeida industriområde med tilhøyrande kaianlegg og internvegar. Området er på ca. 1004 daa og er vist med svart stipla linje i kartutsnittet under.
Planavgrensing
Planområdets avgrensing. Til høgre er utsnitt av vedtatt reguleringsplan for Gulen industrihamn plan-id 2013003.
Konsekvensutgreiing
I pågåande arbeid med konsesjonssøknad vert det utarbeidd konsekvensutgreiing for vindturbinen/vindmølla. Konklusjonar frå konsekvensugreiinga vert tatt inn i arbeidet med reguleringsendringa for Gulen industrihamn Plan-id: 2013003.
Oppstart av planarbeidet
Det har vore halde oppstartsmøte med Gulen kommune. Oppstartsmøte var knytt både til reguleringsendring for høgde på vindturbin/vindmølle i gjeldande plan, Gulen industrihamn Plan- id: 2013003, og ny reguleringsplan for heile Gulen industriområde. Sistnemnde arbeid er ikkje starta opp.
Send inn merknad til planarbeidet
Eventuelle innspel kan sendast til: Sweco Norge AS v/Silje Hermansen, Fantoftvegen 14p, 5075 Bergen (eller e-post: silje.hermansen@sweco.no), innan 25.08.23.
Vi ynskjer ein tett og god dialog med råka partar. Ta gjerne kontakt på e-post eller telefon ved eventuelle spørsmål: Silje Hermansen, tlf. 980 41 588 (tilgjengeleg på telefon etter 14.08.23).
Det er ikkje nødvendig å sende kopi til Gulen kommune. Sweco vil sjølv sende inn samla dokumentasjon til kommunen når reguleringsplanen skal behandlast.
Skriv følgjande i emnefeltet ved sending av merknad pr post eller e-post: Reguleringsendring Gulen industrihamn Plan-id: 2013003
Det vil bli anledning til å uttale seg til planforslaget under offentleg ettersyn etter første gangs handsaming.
Planoppstart er kunngjort i Strilen og https://www.sweco.no/aktuelt/category/kunngjoringer/.
Ber om at eventuelle leietakarar/rettshavarar blir informert.
Med venleg helsing
Silje Hermansen
Sweco Norge AS
Vedlegg: