Ny bru legg til rette for syklande og gåande

På fredag vart Opsund bru i Sarpsborg opna med brask og bram. Brua er prosjektert av Sweco i samarbeid med Plan arkitektar. Bruekspertane hjå Sweco har i dei siste åra prosjektert ei rekkje stålbruer, men ei bru av akkurat denne typen var det fyrste gong dei fekk prøve seg på.

Brua, som knyt omlandet og Sarpsborg sentrum tettare samen, gjer det enklare for folk å velje sykkel eller gonge inn til sentrum. Det er ei såkalla nettverksbogebru, som skil seg frå ei tradisjonell bogebru ved at hengestaga er erstatta av eit nettverk av skrå stag. – Brua minner eigentleg litt om et sykkelhjul med eiker både i utsjånad og i funksjon, seier Amund Geicke, gruppeleiar Bru i Sweco. Nettverket av stag fordeler lasta på bua svært jamt, noko som gir moglegheit for ein slankare konstruksjon.

Effektiv materialbruk

Nettverksbogebruer er svært effektive konstruksjonar som gir lågt forbruk av stål. Vekta vert dermed låg og store delar av den 125 meter lange brua er bygd på land og deretter skjøve og løfta på plass på landkara. – Me utviklar vår kompetanse gjennom prosjekta me jobbar med, og då er det sjølvsagt flott å få prøvd seg på noko nytt. I tillegg har det vore spannande å jobbe for ein oppdragsgivar som er oppteken av estetikk, og hadde store ambisjonar på det området, seier Geicke.

Dei siste åra har Sweco prosjektert ei rekkje stålbruer. Om dagen jobbar våre ekspertar til dømes med Trofors gangbru i Nordland, og med ei jernbanebru på Løten i Hedmark.