0 of 0 for ""

Planarbeid for Åmothaugen Vest

I medhald av §§ 12-3 og 12-8 i Plan- og bygningslova, og etter oppdrag frå Vinje kommune, varslar vi på nytt at ein skal setje i gong arbeid med detaljregulering av Åmothaugen Vest. Føremålet med planarbeidet er å vurdere trafikal struktur, skaffe heimel til utviding av helsesenteret og regulere ein universelt utforma sti mellom Åmothaugen og Ormetjønn-området. Planavgrensing synast i vedlagde kart.

detaljregulering

Helsesenteret treng meir areal og ein vil vurdere eit nybygg i området til Bratlands forretning. I samband med dette vil ein sjå på korleis køyre- og parkeringsmønsteret kan utformast. Ein vil vurdere bruk av parkeringskjellar under nybygg. Auka tilgjenge, arealeffektivitet og trafikktryggleik er viktige faktorar her. Samstundes skal ein knyte Åmothaugen vest betre saman med austre del av sentrumsområdet med gode gangsamband. Målet er å redusere behovet for køyring internt i sentrumsområdet. Ein vil plassere ein rullestolvenleg sti frå sentrum ned til Ormetjønn i tråd med skisseprosjekt frå 2017.

Det er fire gjeldande reguleringsplanar i området. Ein heimlar planarbeidet i kommunedelplanen for Åmot sentrum. Her er planområdet sett av til arealbruksområde «noverande forretning, offentlege bygningar, LNF-område og verdifullt friluftsområde». Det vil vere mindre avvik mellom KDP og føremåla i reguleringsplanen.

Planleggjar har i samsvar med §4-2 PBL vurdert trongen for ei handsaming av planen etter Forskrift om konsekvensutgreiingar for planar etter Plan- og bygningslova frå 2017 og konkludert med at planarbeidet ikkje fell inn i det saklege verkeområdet til forskrifta. Vinje kommune heldt i 2016 oppstartsmøte for planarbeidet.

Planarbeidet blir starta opp att omgåande. Planleggjar vil ha dialog med direkte råka partar.

Kom gjerne med innspel

Har du meiningar eller tankar om reguleringsplanen så vil me gjerne vite om dei.
Frist for innspel er 22. april 2022. Send innspelet ditt på e-post til: alexander.Stettin@sweco.no eller per post til:  Sweco Norge AS, ved Alexander Stettin,
Vekanvegen 10 , 3840 Seljord.

Kopi til postmottak@vinje.kommune.no eller Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje.

Planarbeidet er òg varsla på kommunen sine heimesider www.vinje.kommune.no. Her ligg varslingsbrevet, skisseprosjekt frå 2017 og vurdering om konsekvensutgreiing.

Dersom du har spørsmål om planarbeidet kan du kontakte prosjektleiar Alexander Stettin på e-posten ovanfor eller på telefon 416 90 212.

Med venleg helsing

Alexander Stettin
Senior rådgjevar plan og landskap

Vedlegg:

Lokalisering Åmothaugen vest

Plangrense Aamothaugen

KU-vurdering

Varsel om oppstart høyringspartar

Sluttrapport med vedlegg